Kvar sommar følgjer vi tradisjonen og flytter med oss dyra hit til setra for å utnytte det næringsrike fjellbeitet.

Her har vi realisert draumen om eit godt liv – med husdyr, heimelaga mat, turar og roa i fjellet. Setra er open, og vi vil gjerne dele idyllen med deg, familien din, venene og kollegaene dine.

På setra mjølkar vi kyrne og foredlar den unike fjellmjølka til smakfulle seterprodukt som du kan smake hjå oss eller kjøpe med deg heim. Vi syner deg korleis dei handlaga ostane tek form i ysteriet, og du får nærkontakt med dyra – inne og ute.

Vi byr på ekte og ureist seterkost basert på råvarer frå garden og setra. Ynskjer du å overnatte, kan du nyte magien i fjellet på dagtid og avslutte med ein 4-retters setermeny ved langbordet, før du kryp under dyna i ein brisk på låven, i lavvoen eller i eit rom i seterhus.

SOMMARSESONG 21. juni - ca 22. august:
Seterkafé på dagtid kl 11. - 18.00. 4- retters skråpå-tå kvar kveld ved langbordet på låven kl 19.00. Bordbestilling. Vi har online booking for sommarsesongen.

Overnatting på rom i seterhus, brisker på låven eller lavo på tunet.

VÅR OG HAUSTSESONG Frå midten av  mai - fram til sommarsesong startar, og frå 23. august til midten av oktober: 
Helgepakkar med feks 3- retter fredag, 2- retter lunsj laurdag og signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå laurdag kveld.

Overnatting på rom i seterhus eller brisker på låven.

Vi tilbyr også pakkar for firma / større grupper på midtveke vår og haust.

For meir info sjå www.brimi-seter.no

Velkomen til seters!

Broomguiden-referanse: 100329296

Kontakt

Sted

  • Adresse Brimi Nordre
    2685 GARMO
  • KommuneLom
  • FylkeOppland
  • LandNorge