Breheimsenteret er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar som brevandring, kajakk og rafting i Jostedalen.

Det karakteristiske bygget rommar mange funksjonar for tilreisande og lokale, og har ei fantastisk utsikt til Nigardsbreens blåis. Den interaktive utstillinga frå Jostedalen, Jostedalsbreen og Breheimen har særleg vekt på isbrear og klima. Som ein del av utstillinga er det ein eigen kinosal som tek deg med på ei reise rundt dei mektige isbreane gjennom årstidene, frå sumar med brevandring på blåis til vinter med skikøyring i laussnø.

Breheimsenteret vart ferdigstilt første gong i 1993, etter teikningar frå Rolf Sande, Arkitektkontoret A38. I 2011 brann bygget ned til grunnen, og det nye bygget vart opna i 2013. Sidan 1997 har Breheimsenteret vore eit autorisert vitjingssenter for nasjonalpark med særskilt ansvar for natur- og miljøformidling frå nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen.

Interaktiv utstilling og filmvisning
Breheimsenteret er eit autorisert vitjingsenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Desse to nasjonalparkane har 9 av dei 30 største breane i Noreg, deriblant Jostedalsbreen som er den største med sine 474 km2.

Utstillinga viser på ein spanande, informativ og interaktiv måte korleis breane og klimaet har endra seg gjennom historia, det breforma landskapet, korleis det er å bu ved breane og korleis utnytte ressursane rundt breane. Utstillinga syner noko av den mest varierte naturen vi har i Noreg, frå dei frodige djupe dalane til karrig høgfjell og isbrear.

Som ein del av utstillinga er det også ein lysbiletefilm i eigen kinosal som tek deg med på ein reise under, på og rundt dei mektige isbreane gjennom dei ulike årstidene.

Servering
I lunsjrestauranten serverast heimelaga mat frå lokale råvarer som kan nytast med utsyn til den vakre Nigardsbreen, ein av dei mange brefalla som kjem ned frå Jostedalsbreen. Det finst eit breitt utval av kalde og varme rettar og kaker, alt laga frå botn, og noko for einkvar smak.

Lunsjrestauranten har høve til å ta imot både små og store grupper. Breheimsenteret er gjerne vertskap for seminar og møter.

 

Broomguiden-referanse: 100328832

Kontakt

Sted

  • Adresse Jostedal
    6871 LUSTER
  • KommuneLuster
  • FylkeSogn og Fjordane
  • LandNorge