Vidsyn Arbeidshotell og Restaurant 
starta opp i november 2014 då Sløvåg Næringsbygg stod klart.

Hotellet er en del av eit større næringsbygg som husar over 30 bedrifter innanfor ulike bransjar og har nærheit til ulike bedrifter og velferdstilbod.

Det er kort veg til daglegvarebutikk, treningssenter, massasje, fotterapi, hudpleie, tannlege o.l. og ønskjer du å nyte dagen ute har vi flotte naturområde rett utanfor døra.

Vidsyn Hotell og Restaurant vart stifta pga. stor etterspørsel etter felles kantine for bedrifter i næringslivet ved Gulen Industrihamn, og behovet for eit overnattingstilbod, fyrst og fremst for arbeidarar, men også eit generelt behov for turistar og tilreisande gjorde at Vidsyn fant sin plass i hamna.

bilde

Våre tilbod
Vidsyn har lokalar for både overnatting, kurs og konferansar, og treng du ein plass for din konfirmasjon, bursdag eller ditt bryllaup har vi lokalar for dette. Vi har totalt 60 rom for overnatting i hotellet og 44 rom i våre brakkar, 3 møterom, ein storsal og 2 mindre lokalar for hyggelege samankomstar eller større møter.

Ønskjer du ikkje å leie lokale kan ein ordne til eit langbord i restauranten for eit meir ope selskap.

Parkering
Sløvåg Næringsbygg har ca 130 parkeringsplassar utandørs kor det er mogleg for gjestane ved Vidsyn å parkere anten du skal overnatte på hotellet, brakkene eller nyte ein matbit i restauranten.

 

Broomguiden-referanse: 100327938

Kontakt

Sted

  • Adresse Sløvågen 2
    5960 DALSØYRA
  • KommuneGulen
  • FylkeSogn og Fjordane
  • LandNorge